Nyheter

Det du vil vite om Måren og Mårfangst

I Nyheter

Måren har eit allsidig kosthald, og er spesielt kjent for å like søtsaker.  Til åte brukar eg stort sett restar av rype eller skogfugl, honning og fiken, samt luktestoff som f.eks Hawbakers, Clamoil og Anisolje. Eg er svært påpasseleg med å ikkje bruke for mykje åte, måren har ekstremt god luktesans.  Ei felle som er fylt opp av åte og dynka i luktestoff, vil neppe fange.

Til mårfangst er ProTrap / syningfella,  ei felletype som har blitt populær dei over åra. Den er enkel i bruk og er laga i svært robust materiale, stålfjøra vil ikkje foringast over tid på same måte som conibear.
Det er viktig her at utløysermekanismen stillast rett.  Den har inngangshull på 9 cm. Dette gjer at fella kan settast lavare enn 150cm over bakken iht forskrift. 
For mårfangst på bakkenivå er hvor måren beveger seg mest, kommer en 
Bakkefelle meget godt med. For å skjerme åtet mot vèr og vind, legg eg granbar på toppen og ned på sida av fella. Men for å spreie dufta av åtet best mogeleg, bør ikkje dette verte for tett.  

Fortsett Lesingen

Mårfangst og Plassering av Mårfelle

I Nyheter

Det aller viktigaste hensynet å ta ved mårfangst, er kvar du plasserer fella. Eg bruker svært mykje tid på val av felleplass. Ein sikker måte, er å gå gjennom terrenget og sjå etter spor, set fella nært sporet. Måren bruker faste ruter, den vil garantert passere staden innan 2-3 veker.

Måren oppheld seg der den føler seg trygg, den skyr åpner flater, og søkjer helst tett skog. Om snøtilhøva er slik at det ikkje er mogeleg å sjå spor, studerer eg terrenget for å antyde måren si vandringsrute.

Fortsett Lesingen