Mårfangst og Plassering av Mårfelle

I Nyheter

Hvor skal fella plasseres?

Det aller viktigaste hensynet å ta ved mårfangst, er kvar du plasserer fella. Eg bruker svært mykje tid på val av felleplass. Ein sikker måte, er å gå gjennom terrenget og sjå etter spor, set fella nært sporet. Måren bruker faste ruter, den vil garantert passere staden innan 2-3 veker.

Måren oppheld seg der den føler seg trygg, den skyr åpner flater, og søkjer helst tett skog. Om snøtilhøva er slik at det ikkje er mogeleg å sjå spor, studerer eg terrenget for å antyde måren si vandringsrute.

Dyr handlar ofte som menneske, kvar kan eg lettast ta meg fram for å skaffe mat? Måren må samstundes tenkje tryggleik, den søkjer sjeldan mot tett bebyggelse, men kan innta hytter. Eg plasserer ofte mine feller i øvre del av ein granskog, helst under ein bergskrent. Måren vil helst ikkje gå ovanfor skogen, då dette ofte er åpne område som gir dårleg skjul. Lukta frå åtet vil følgje luftstraumen, spreie seg nedover lia og trekkje til seg mår som går lenger nede. Kupert terreng med urer og gode gøymestader for mår, er ofte ideelle felleplassar om området er vokst til med skog.
Det kan ofte vere vanskeleg å danne seg et bilete av området du skal sette felle i. Eg brukar ofte norgeibilder.no, som er ein glimrande måte å studere terrenget på. Frå lufta ser ein alle overgangar. Eg legg punkta inn på GPS, og sparar på den måten mykje tid på leiting for å finne att staden.



Bildet over: Overgang
Ut frå biletet finn vi ein naturleg overgang i skogen, rett over hogstfeltet midt på biletet. Måren vil ikkje gå i sjølve hogstflata eller på myra i bakkant. Terrenget på bildet skråar nedover, og eg ville her ha plassert fella i bakre del av overgangen.

Eg har av og til opplevd at måren har gått rett forbi fella utan å vekkje interesse. Dette kan skyldast fleire faktorar. Vindretninga kan gå i motsatt retning frå måren si trekkrute, måren er mett og har rett og slett ikke lyst på mat, åtet er feil, eller fella er belagt med rust.
Store hannmårar kan ofte vere skeptiske, dei aner ofte lunta og skjøner at her er noko muffens. I slike tilfelle flyttar eg fella eit lite stykke, skifter åte og set av og til opp ei felle til. Når måren kjem att neste gong, vil den då lettare kunne la seg friste.
Sjølv om måren er ein god klatrer brukar eg oppgangstokk til fella. Alt som gjer vegen lettare til fella, er med på å auke mogelegheita for fangst. Denne bør plasserast 15-20cm under fella, slik den ikkje sperrar sjølve inngangen.
I sterk kulde held måren seg mest mogeleg i ro, stort sett i hi. Ved vèromslag er den svært aktiv. Periodar med mildvèr har vist seg å gi god fangst.
Mange fangstmenn nyttar flagging, dette er ein fugleving eller ei skinnfille som hengast i ein tråd over fella. Det vil fange måren si merksemd, og den trekker mot fella.
Måren er på langt nær så ømfintleg for menneskelukt som reven, som er svært var og bortimot umogeleg å fange i saks som ikkje er sett under vatn. Men eg vil likevel oppfordre til å koke fellene før dei settast ut. Urinèr aldri i nærleiken av fella. Som nevnt har måren ekstremt god luktesans, og alle lukter som ikkje lukter mat, kan skremme dyret.
Mårfangst handlar ofte om kor stor innsats du er villig til å leggje ned. Måren sine vandringsruter kan ofte ligge langt frå bilvegen. I snøfrie periodar er det lett å gå i terrenget, men gløym ikkje at turen ofte tek 3 gongar så lang tid i djup snø. Eg har ofte brukt ein hel dag på å sjekke fellene berre i nærområdet.