Mårfangst og Felletyper

Mårfangst og Felletyper - Fangstmann.no
Artikler

Mårfangst, Fangstmetoder og Felletyper

Til fangst av mår har det gjennom tidene vore benytta ulike fangstmetodar. Fallstokk og gilder var mykje brukt før moderne feller vart utvikla. Eg vil her ta føre meg ulike felletyper som er lovleg i Norge, og bruken av desse.

Conibear er den mest vanlege typen av feller, og den fins i ulike storleikar. For mår er 120, 160 og 220 mest benytta. Mi erfaring er at 120-160 gir det beste slaget.
Conibear er ei ganske rimeleg felle. Conibear er ei slagfelle som er veldig effektiv men overtid vil stålet svekkast. Etter omlag 5 sesonger er slagkrafta betydelig svekka og fellen er lite eigna for human fangst.
Sidan fella ikkje er laga av syrefast stål, vil den raskt gi rust på overflata. slike feller fangar dårleg, måren skyr rustlukt. Fellene bør settast inn med dye før bruk, eg anbefalar Dye. Denne gir ei beskyttande luktfri hinne, som hindrar rusten i å feste seg.

For å sette ei Conibear på lovleg vis, må denne plasserast 200cm over bakken. Mi erfaring er at conibear sett i kasse, gir den mest humane og effektive fangsten. Ein del dekker fella med granbar, eller festar den på stammen med åtet i brusflaske over utan tildekning. Dette vil eg ikkje anbefale, fordi det ofte gir feilslag. Mår som fangast i en bakfot er lite humant og set fangstmannen i eit dårleg lys.
Oppgangstokk er òg ein metode som er mykje brukt blant fangstmenn. Conibear fella settast på ein skråstilt stokk, minimum 200cm frå bakken. Det er viktig å tette til på undersida og kantane, slik at einaste vei er gjennom fella. Åtet leggast eit stykke bak fella. Dette gjeld ikkej dersom du kjøper Bakkefeller som denne.


ProTrap Mårfelle, er ei felletype som har blitt populær dei over åra. Den er enkel i bruk og er laga i svært robust materiale, stålfjøra vil ikkje foringast over tid på same måte som conibear.
Det er viktig her at utløysermekanismen stillast rett.  Den har inngangshull på 9 cm. For å skjerme åtet mot vèr og vind, legg eg granbar på toppen og ned på sida av fella. Men for å spreie dufta av åtet best mogeleg, bør ikkje dette verte for tett.

LES MER OM FLÅING OG BEHANDLING AV MÅRSKINN

Relaterte artikler