Måren har eit allsidig kosthald, og er spesielt kjent for å like søtsaker. Til åte brukar eg stort sett restar av rype eller skogfugl, honning og fiken, samt luktestoff som f.eks Hawbakers, Clamoil og Anisolje. Eg er svært påpasseleg med å ikkje bruke for mykje åte, måren har ekstremt god luktesans. Ei felle som er fylt opp av åte og dynka i luktestoff, vil neppe fange.
Til mårfangst er ProTrap mårfelle, ei felletype som har blitt populær dei over åra. Den er enkel i bruk og er laga i svært robust materiale, stålfjøra vil ikkje foringast over tid på same måte som conibear.
Det er viktig her at utløysermekanismen stillast rett. Den har inngangshull på 9 cm. Dette gjer at fella kan settast lavare enn 150cm over bakken iht forskrift.
For mårfangst på bakkenivå er hvor måren beveger seg mest, kommer en Bakkefelle meget godt med. For å skjerme åtet mot vèr og vind, legg eg granbar på toppen og ned på sida av fella. Men for å spreie dufta av åtet best mogeleg, bør ikkje dette verte for tett.
Fortsett Lesingen