Sliter du med å få måren i fella?

I Nyheter

Sliter du med å få måren i fella?

Ikke fortvil!
Her kommer del 3 om åte/luktstoff for mårfangst av Pete Loebakk!

Måren har eit allsidig kosthald, og er spesielt kjent for å like søtsaker.  Til åte brukar eg stort sett restar av rype eller skogfugl, honning og fiken, samt luktestoff som f.eks Hawbakers, Clamoil og Anisolje. Eg er svært påpasseleg med å ikkje bruke for mykje åte, måren har ekstremt god luktesans.  Ei felle som er fylt opp av åte og dynka i luktestoff, vil neppe fange. Dette vil gi samme effekta som om eit menneske kjem  inn i eit rom der golvet er dynka i salmiakk. 
Måren sin gode luktesans, gjer at den kan lukte åtet på langt hald.  Kor godt lukta av åtet spreier seg i terrenget, er avhengig av type åte, plassering av felle og vindretning. Eg set alltid fellene høgt i terrenget der det er bratte fjellsider.  På kalde vinterdagar vil luftstraumane trekke ned mot dalbotnen, og spreie lukta nedover. Sjekk alltid vindretninga der fella plasserast.  Går vinden frå måren si vandringsrute, kan den gå rett forbi utan å kjenne teften av åtet. 
 Gammalt åte luktar lite, og måren kan passere nært fella utan å vekke interesse.  Ved streng kulde sluttar kjøt å lukte, når kjøtet tørkar forsvinn fuktigheita og gir frå seg svært lite lukt. Eg let aldri åtet stå lenger enn 14 dagar.
 Vèret er òg ein vesentleg faktor for kor godt lukta spreier seg, og mange fangstmenn vel åte etter vèret.  Eg er av den oppfatninga at fiken spreier lukt uavhengig av vèrforhold, og at det av den grunn alltid bør brukast.
Eg legg òg åte utanfor fellene. På  kvar side av fella, 10-15 meter ifrå, smører eg litt honning på ein trestamme. Eg kastar òg  litt fuglefjør rundt sjølve fella, dette vil auke mogelegheita for å trekke måren mot fella.  Det er viktig å ikkje bruke for mykje, det vil flytte fokuset frå fella.
  
Dei siste åra har luktestoff blitt svært populært.  Eg er sjølv ein ivrig tilhengar av dette, og meiner det er svært effektivt.  Som nevnt bør dette brukast med måte, 6-7 dråpar er nok.  Legg litt på sjølve åtet, og bruk ampullar med hol i, dette held på stoffet og hindrar uttørking.  Eg  brukar ulike luktestoff, som Hawbakers, Clamoil og Anisolje. 

Sistnevnte har vist seg svært gunstig ved skiftande temperaturar. Ved kaldt vèr spreier dette lukta, då kjøt og honning sluttar å lukte.  Variasjon av luktestoffa gjer måren mer nysgjerrig.

Som nevnt er måren svært allsidig i kosten, som åte kan det gjerne brukast  kjøt, fisk eller frukt. Salt kjøt eller kjøt som er tilsett krydder bør ikkje brukast.  
Eg bruker samme type og mengde åte, uavhengig av felletype. Mitt favorittåte er ein rypevinge dyppa i honning, 2 fiken med 3-4 dråpar Hawbakers, ein luktestoffampull med 3-4 dråper.  Til kvar side smører eg ei spiseskei honning på ein trestamme, og legg litt fjør rundt fella.

Gjennom seinsommaren og tidleg på hausten, startar eg gjerne utforing på ein del av mine faste fangstplassar.  På den måten blir nye mårar vant til å finne mat på denne plassen. Ungane som utpå hausten skil lag med mora, søkjer ofte til slike åteplassar. November er då ofte ein god fangstmånad.